- Velkommen til Holstad Group -

 
Logo%2C+uten+sm%C3%A5tekst.jpg
 

Nye lokaler i oktober!

Kjære noverande og framtidige kundar, som mange veit har Coop kjøpt lokalet der Badebutikken held til, og dei skal bygge ny stor butikk. Vi er difor i gang med flytting og i oktober vil kontor og BADEBUTIKKEN få adresse Raffelneset 1, Hareid. Sentralbordet på 70095900 fungerer også som vakttelefon, vi har både bad og andre varer på lager. I perioden fram til vi er på plass i nye lokaler vil vi ikkje ha faste åpningstider/trefftider, men avtaler på telefon, varer kan kjøpast og bad kan "prøvesittast".

 

Helse og velvære i kvar drope

Vi kjenner alle til begrep som spaopphald, vannterapi, kurbad, romersk bad, tyrkisk bad etc. Dette er århundrede gamle tradisjonar om vatnet si terapeutiske effekt.

I dag har vi mulighet til å ta vare på helsa og nyte gode stunder i vårt eige bad med avslapping, massasje, velvære og komfort i våre private heimar og hytter.

I tillegg er kanadisk produserte Hydropool verdens første massasjebad med klima nøytral produksjon og det einaste badet med det patenterte sjøvrensesystemet "self-clean".

 
 

Idéar til ditt heimespa

Berre fantasien set grenser for korleis ein skal lage til bad eller basseng. Ein kan ha dei ute, inne, delvis overbygd, heilt eller delvis nedfelt, eller i paviljong. Det som imidlertid er viktigast er den praktiske plasseringa og dess enklare tilkomst dess meir bruk og glede vil ein ha av badet. Det er ein stor fordel om ein har kort veg mellom dusjrom og utebad/basseng, og at våte føtter ikkje må springe gjennom heile huset.

 

 
 
 

Ditt eige treningsbasseng.

Symjing er kjent som den mest allsidige treningsforma ein kan ha. Her bruker ein dei fleste musklar og har minimal fare for belastningsskade i høve til anna trening. Motstraumsbassenget sin hydrodynamikk er og utforma slik at ein kan symje i bassenget utan å bruke symjesele for å "halde ballansen" i vatnet.

Alle bassenga har og det patenterte self-clean systemet som gjer at vatnet held seg klart og fint, og ein unngår "botnfall".